Om Vossabakst
Handverksbakeriet Vossabakst har bakeri, utsal og servering midt på Vangen i Vangsgata 38 på Voss. Vossabakst bakar med utgangspunkt i gamle tradisjonar og teknikkar, og brukar dei beste råvarene. Det kjennest på smaken!

Godt brød er handverk, kultur og nytelse
Hjå oss er kvart brød eit resultat av generasjonar med kunnskap, kjærleik til handverket og respekt for tradisjonane. Me tek oss tid til å la deigen utvikle seg naturleg, for det er slik dei beste smakane kjem fram.
Reine råvarer, gode smakar
Me vel våre råvarer med omhu, og brukar lokale ingrediensar når me kan. Mjølet er nøye utvalt, smøret er ekte, og kjærleiken til baking er alltid med i oppskrifta.
Kvardag eller fest - bakverk er best
Frå det daglege brødet til den store festkaka - me bakar alt med same lidenskap og presisjon. Lat oss gjera både kvardagar og store augeblikk endå betre med vårt ferske bakverk.
Det heile startar med dyktige fagfolk
Bakarane våre er stolte handverkarar som kombinerer tradisjonelle metodar med moderne kunnskap. Kvar dag startar tidleg, slik at du kan nyta ferskt bakverk til frukost.

Hjå Vossabakst får du ferske og velsmakande:
Vossabakst lagar òg kaker på bestilling og tilbyr catering.
Ta kontakt for meir informasjon eller bestilling.
Vossingane sine favorittar
Dette er bakverka som vossingane kjem tilbake for, veke etter veke. Her finn du dei mest verdsatte produkta våre, handplukka basert på kva vossingane set mest pris på. Alt er sjølvsagt baka for hand med kjærleik og omtanke i bakeriet vårt midt på Voss.

Hanguren
Dette er vårt rugbrød og det grovaste brødet me bakar dagleg. Her er det solsikkekjernar i brødet
Allergen: Hvete, rug
75% grovhet

Marsipankake
Tillegg:
Bilde: 220kr
Makronbunn (rund kake): 150kr
Makronbunn (platekake): 300kr
Glutenfribunn (rund kake): 100kr
Glutenfribunn (platekake): 200kr

Gråsidetoppen
Standard grovbrød utan kjerner og frø, med rug og honning.
Allergen: Gluten, rug
75 % grovhet

Brøda våre

Kakene våre

Våre åpningstider
Måndag - fredag kl. 08.00 - 16.30
Laurdag kl. 08.00 - 16.00
Sundag - stengt